Menota TVB finansierte eit møte for Medieval Unicode Font Initiative i Lisboa 10.12. mars 2005.
Møtet gjekk dels gjennom den planlagde oppdateringa av MUFI character recommendation og la dessutan grunnlaget for eit offisielt framlegg til Unicode, i alt rundt 80 mellomalderlege teikn. Dette framlegget vil bli redigert av Michael Everson og truleg lagt fram for ISO på eit møte i september i år.
Etterskrift: Framlegget, som vart på over 100 teikn, vart lagt fram for Unicode Technical Committee (UTC) på eit møte i august 2005 og deretter på eit møte i februar 2006. UTC hadde berre få merknader til framlegget, og det går no vidare til behandling i ISO.
Oppretta 14.03.2005. Sist oppdatert 04.04.2006.