Menota logoMenota logo2 Hovedside
Menota Handbook

Til minne om Rune Kyrkjebø

Det er med stor sorg vi melder at Rune Kyrkjebø døydde brått og uventa heime hos familien i Bergen 22. desember 2023. Rune vart fødd 12. desember 1968, og voks opp i den vesle bygda Kyrkjebø mellom Vadheim og Høyanger i Sogn. Han tok hovudfag i nordisk ved Universitetet i Bergen i 1994 med avhandlinga Ei prøveboring i Stjórn, og han disputerte for dr.art.-graden i 2001, like eins ved Universitetet i Bergen, med avhandlinga Heimskringla I etter Jǫfraskinna. Rune var ein sann norrønfilolog, men han hadde også mange andre sider og interesser, ikkje minst i teologi og hymnologi. Han vart godkjend til presteteneste i Den norske kyrkja i 2014 og arbeidde i ein periode som vikarprest ved sida av sitt ordinære virke på Universitetsbiblioteket, og han var ein sentral bidragsytar i bd. 3 og 4 av Norsk salmeleksikon, fullført i 2018. At han også var radioamatør fortel om breidda i hans liv og interesser, og det var heime på hobbyrommet, som familien etter kvart kalla radiorommet, at han døydde av ein momentan hjerneblødning seint om kvelden 22. desember, berre litt over 55 år gammal.

Rune var aktivt med under oppbygginga av Menota, som vart oppretta i 2001, og som sprang ut av prosjektet Editing medieval manuscripts på Senter for Høyere studier (ved Det Norske Videnskaps-Akademi) i Oslo 2000–2001. Det førte fram til ei handbok for koding av nordiske mellomalderhandskrifter, The Menota Handbook, som i første versjon vart publisert i 2003. Her bidrog Rune Kyrkjebø til kapittelet om dokumentstruktur, og med sine innngåande kunnskapar deltok han også i utforminga av mange andre kapittel. I dette prosjektet var kona hans, Tone Merete Bruvik, ein viktig medarbeidar, i kraft av hennar tilknyting til og innsikt i Text Encoding Initiative. The Menota Handbook vart publisert i tredje versjon i desember 2019, og Rune Kyrkjebø var framleis blant forfattarane av denne.

Som det går fram av referata frå rådsmøta i Menota frå grunnlegginga i 2001 og for kvart år seinare, var Rune Kyrkjebø alltid med på møta, både som aktiv deltakar og i fleire år som referent. Han vart tilsett ved Universitetsbiblioteket i Bergen i 2003 og var i teneste der heilt til det siste. I denne perioden bidrog han til å etablere viktige kontaktar med Menota-miljøet, og ikkje minst var han arkitekten bak den driftsavtalen som vart oppretta mellom Menota og Universitetsbiblioteket i Bergen, første gong underteikna i 2016 og så fornya i 2023. Denne avtalen har sikra Menota ei forankring og ein kontinuitet som er av største verdi for nettverket.

Då Rune fall frå, sat han som representant for Noreg i styret for Menota, og han var oppnemnd som den eine av to representantar frå Menota i Editiones Arnamagnæanæ Electronicæ. Gjennom alle år sidan opprettinga av Menota i 2001 har Rune vore med, ofte stillfaren, alltid stø, alltid venleg, aldri med eit skeivt ord om nokon. Ein kunne alltid rekne med Rune. Hadde han sagt at han skulle gjere noko, så gjorde han det. Han var det vi no plar kalle heil ved.

Rune etterlét seg kona Tone Merete og dei to barna Ole og Siv, han etterlét seg familien i Sogn, og han etterlét seg ein stor flokk av vener, grannar og kollegaer. Vi som har vore verksame i Menota føyer oss til dei som no vil minnast Rune i djup takksemd og som slit med å forstå at han ikkje lenger er blant oss.

Rune vart gravlagd frå Kyrkjebø kyrkje 12. januar 2024.

Odd Einar Haugen
Leiar av Menota 2001–2022

Rune i si karakteristiske styrmannslue. Han var ein stødig navigatør, og tok gjerne styringa av båten når dei kom ut i ureint farvatn

I denne korte videoen frå Universitetsbiblioteket i Bergen fortel Rune litt om lagnaden til dei norrøne handskriftene:

Uerstattelige bøker forsvant i flammene.